Wollert Konow

Biografier

Wollert Konow

statsminister og stril

Dette er historia om møllaren og godseigaren frå Stend som vart statsminister i 1910, etter sterkt påtrykk frå venen Chr. Michelsen. Men Wollert Konow var ingen ungdom lenger då han vart skuva fram for å leia ei samarbeidsregjering av Høgre og Frisinna Venstre. Det knirka frå fyrste stund i samarbeidet, og den fargerike fanamannen vart tvinga til å gå frå borde på ein rein bagatell: han greide ikkje å løyna at han var så inderleg glad i landsmålet! I yngre år var Konow ein kraftfull, omstridd og modig stortingsrepresentant som stod diktarhøvingane Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg og Alexander Kielland svært nær. I det heimlege miljøet sitt sette Wolert Konow djupe spor etter seg, mellom anna kom fleire store veg- og jernebaneanlegg i gang etter hans initiativ. Illustrasjoner i svart/hvitt. Har kjelder.
ForfatterOlav Garvik
Utgitt2001