Anbefales
Dagen om natta

Roman • Historisk

Dagen om natta

For 150 år kunne folk bli smitta av leprabasillen og bli spedalske. Familiar vart splitta, dei spedalske kunne ikkje ha nærkontakt med andre menneske og vart ofte utstøytte. Ingebjørg veit at sjukdomen vil kome til å endre alt, og ho får rett. Jacob vil ikkje vite av ho meir, og ho blir meir og meir isolert frå andre folk. Men Ingebjørg lever dagen sin om natta. Då kan tankane hennar vandre fritt i kring og ho kan drøyme om Jakob! Motsetnaden mellom livsgleda, på den eine sida, og dødsvissa på den andre, gir denne forteljinga ei intens og dramatisk ramme.
ForfatterBerit Vatne Vik
Utgitt2003

«Som eit vakkert og opprivande dikt.»

Denne boka kan eg lese om og om igjen. Då blir eg til denne unge jenta, Ingebjørg, som frå å vere lykkeleg forelska og forlova, i eitt sekund blir kasta ut i den djupaste fortviling. Ein liten klump i huda varslar den mest motbydelege død, - ho er blitt spedalsk og dessutan farleg for sine næraste. Eit liv som utstøytt, kan det ha meining?

Passer for deg som ...

vil bli rysta og rørt.

Deichman-ansatt