
Europa
ei krossferd
Dette er ein oppfølging til boka Noreg frå 2008, som blei nominert til Brageprisen. Denne gongen reiser Nils Rune Langeland rundt i Europa, på jakt etter den europeiske folkesjela. Han reiser frå Orknøyane, via Paris og spanske tyrefektararenaer, til Jalta, Jerusalem og Istanbul. I høgst subjektive essay gjev han riss av dei visjonære draumane til eit heilt kontinent.
| Forfatter | Nils Rune Langeland |
|---|---|
| Utgitt | 2011 |