Hauk over hauk

Roman • Spenning

Hauk over hauk

Daniella forelska seg i "Tause Pil", guten med ei dyreklo i øret, første gongen ho trefte han på Danskebåten. No er dei saman i Stavanger. Ho skal delta i ei symjetevling, han skal treffe far sin. "Tause Pil", som eigentlegheiter Konrad Philip, har eit komplisert forhold til opphavet sitt generelt og til far sin spesielt. Difor er han snar til å døme da det kan se ut som far hans er innblanda i noko uloveleg. Denne gongen kommer Daniella og "Tause Pil" på sporet etter ein bande som driver med smugling av rovfuglar. Boka har eit lett og ledig språk, som gjer ho lett å lesa. Hovudpersonane, spesielt "Tause Pil", er levande teikna, medan bipersonane berre blir statistar. Historia er nokså overflatisk, men innafor sjangeren spennande underhaldning er dette ei grei bok. "Hauk over hauk" er tredje boka i serienom Daniella D.
ForfatterErna Osland
Utgitt1993
Inngår i serieDaniella D.