Ivar Aasen

Tegneserie • Biografisk

Ivar Aasen

ei historie om kjærleik

Dette er ei uvanleg fagbok både i form og innhald. Osland presenterer ein ung og gåverik bondegut som har store visjonar om å skrive ned det norske talemålet. Ubemidla som han var, kunne han ikkje gjere det utan å betale personlege omkostningar. Han kunne ikkje gifte seg med Berte, ikkje Susanne heller, det blei forskinga han vigde seg til. Kan hende diktar Osland litt for mykje om kvinnehistoriene, det blei sladra om han i samtida og - men i alle høve er framstillinga slik at Aasen kjem oss nærare. Midthun sin teikneserie gjer også mykje til det. Omslaget igyllenbrun fotocollage skapar ei positiv aning om at inni mellom permane ventar ei uvanleg biletforteljing. I stramt brunt, kvitt og svart og leikande variasjon i biletrutene vert vi kjende med hovuddraga i historia hans.
ForfatterArild Midthun
Utgitt1996