
Skrifter i samling
5. Juvikfolket. 1
Nyn,Aschehoug, 1996. 505 s. ISBN 82-03-17489-2 Band 5 inneheld "Juvikingar", "I blinda" og "Storbryllopet", Juvikfolket er Olav Duuns hovudverk, og det omfattar i alt seks bøker. Romansyklusen skildrar livet til fleire Juvik-generasjonar, og dette bandetinneheld dei tre første bøkene av syklusen. Sentralt i "Juvukingar" møter ein ættehovdingen Per Anders, sterk og omsynslaus. Sønene prøver å føra ættetradisjonane vidare , men maktar det ikkje. "I blinda" møter ein sonson-en Anders som vil vera leiar i bygda. Samstundes kjempar han ein indre stridmot uhemma livs- og framdriftslyst, noko som er særmerke for juvikingane. "Storbryllopet" skildrar forfallstida for ætta. Gamle verdiar står for fall,pengar og handel tek over for ætt og jord.
| Forfatter | Olav Duun |
|---|---|
| Utgitt | 1996 |