
Arbeid, armslag, armod
husmenn og husmannsordningar på Sørvestlandet
Kva prega livet som husmann på Sørvestlandet? Gjennom oversyn og artiklar gir denne boka perspektiv på ei samfunnsordning som hadde stor utbreiing på Sørvestlandet. Husmannsfolk og husmannsplassar var det lenge - og frå langt tilbake - mange av i dei fleste bygder. Boka fortel mellom anna om plassar som ikkje blei nedlagde før ved midten av 1900-talet. Artiklane i boka byggjer på ei magisteravhandling i etnologi og fire hovedfagsoppgaver i historie, ved Universitet i Bergen. Boka er rikt illustrert med gamle fotografi i svart/kvitt. Med notar og litteraturlister.
| Redaktør | Nils Olav Østrem |
|---|---|
| Utgitt | 2000 |