Etikk i litteratur og film

Etikk i litteratur og film

Etikk er ikkje berre ein del av innhaldet i litteratur og film, men også av forma og forteljemåten. Slik ligg mykje av litteraturens og filmens appell i etikken dei presenterer. Den litterære teksten eller filmen stiller etiske spørsmål gjennom personar og forteljarar, med sine tankar, kjensler, haldningar og val. Boka diskuterer etikken i romanar og noveller av mellom anna Franz Kafka, Nadine Gordimer, Kjartan Fløgstad, Joseph Conrad, Ian McEwan, og Hanne Ørstavik. I tillegg kjem filmar som 'Apokalypse Nå! Redux', 'Om forlatelse', 'Turist', 'De andres liv' og 'Amour'. Boka drøfter òg eit utval dokumentarforteljingar, og dokumentarfilmar. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterJakob Lothe
Utgitt2016