
Råd til dei elskande
Julian Brolaski er ein amerikansk poet. I denne samlinga leikar og forhandlar forfattaren med tradisjonar som strekkjer seg tilbake åt Ovid, via renessansen og britiske 1800-tallspoetar til i dag. Dikta er eksplisitte, sensuelle, og tøyer kor langt språket kan strekkjast for å seie noko om stadane vi er aller mest sårbare, stadane i psyken der lengt, humor, sorg og begjær krossar kvarannen. Leif Høghaug har gjendikta samlinga. Omtala er utarbeidd av Biblioteksentralen.
| Forfatter | Julian Talamantez Brolaski |
|---|---|
| Oversetter | Leif Høghaug |
| Utgitt | 2018 |