Mellom Gud og stat

Mellom Gud og stat

ei historie om islamsk lov og rettsvesen

Islams lov opererer i eit spenningsfelt mellom Gud på den eine sida og staten på den andre. Shariaen er islams lovverk, men det er ikkje klart kva Shariaen skal innehelde. Dette er ei bok om utviklinga av den islamske jusens teori og metode, og om rettspraksisen frå profetens tid og fram til i dag. Forfattaren viser korleis spenninga mellom det å vere Guds lov og det å vere samfunnets lov har influert på både teori og praksis i islamsk rett, og prøver å vise kva det betyr når nokon seier at det eine, eller det motsatte, eller begge delar, er "Sharia" og Guds lov. Noter, bibliografi og register.
ForfatterKnut S. Vikør
Utgitt2003