
Religionsdialog på norsk
Oddbjørn Leirvik teiknar i denne nye og utvida utgåva av "Religionsdialog på norsk" eit kart over det religiøse Noreg, som forandrar våre tradisjonelle oppfatningar om korleis landet er. Religiøs forskansing og manglande respekt for minoritetsrettar kan få negative følgjer for samfunnsfellesskapet. Leirvik syner korleis alternativet, dialog om etiske og religiøse spørsmål, kan få plass i skole og samfunnsliv. Han fortel om sine personlege erfaringar frå møtet mellom menneske med forskjellig tru, og drøftar dei forsøk som er gjort på å få til ein femnande samtale om tru og livssyn i Noreg. Første utgåve av boka kom i 1996. Med litteraturliste og register. Nyn.
| Forfatter | Oddbjørn Leirvik |
|---|---|
| Utgitt | 2001 |