Nærdemokrati
teori og praksis
Nærdemokratiet ? det at folk engasjerer seg politisk for bydelen, bygda og bustadområdet ? er eit felt i sterk utvikling. Globaliseringa har på ingen måte ført til mindre interesse for det lokal nivået! Denne boka viser breidda i dei nærdemokratiske ordningane som har vakse fram dei siste tiåra, med døme frå Norge, Danmark og Sverige. Forfattarane er opptekne av kva slags forståing av demokrati som ligg til grunn for denne innsatsen. Dei drøftar samanhengen mellom praktisk "kvardagsmakeri" i lokalsamfunnet og teoriar om demokrati, lokalpolitikk, planlegging og Lokal Agenda 21. Boken er skriven for studentar i samfunnsfag, og vil dessutan vere interessant for sosialfaglege studieretningar. Studentane kan gjennom denne boka tileigne seg kunnskapar og bli konfronterte med problemstillingar som vil vere høgst aktuelle i seinare yrkespraksis i kommunar, statlege etatar og organisasjonar.
| Forfattere | Torill NysethNils Aarsæther |
|---|---|
| Utgitt | 2002 |