
Frosken og haren
Haren målar frosken som står modell. Frosken mistar snart tolmodet og haren foreslår at dei i staden målar taket. Men frosken sølar fælt. Haren har fleire gode forslag, men frosken får ikkje til nokon ting. Til slutt plukkar frosken ein bukett blomar til å ha inne og foreslår at haren les for dei både. Og slik vert det. Gjennomført rytme mellom oppslaga og stramt komponerte, nesten stilistiske teikningar gjer ein enkel historie medrivande. Samlaget, 2000.
| Forfatter | Max Velthuijs |
|---|---|
| Oversetter | Ragnar Hovland |
| Utgitt | 2000 |
| Inngår i serie | Frosken og vennene |