Dødens dager

Roman

Dødens dager

På nokre få veker i starten av 1930-åra skreiv Faulkner denne modernistiske romanen som reknast som eit av dei viktigaste verka i det tjuande hundreåret. Boka handlar om familien Bundren der mora, Addie, ligg på dødsleiet. Vi følgjer familien på den lange reisa frå mora døyr til dei får gravlagt henne. Det tek heile ti smertefulle dagar. Faulkners bøker frå 30-åra er prega av medvitsstraum, ein fri straum av tankar og førestillingar, assosiasjonar, inntrykk og kjensler hos menneske. I boka kjem dette fram i eit vell av stemmer som avslører karakterane sine brestar og egosentriske motiv. Bak den velordna sørstatsfasaden skjuler det seg heslege skuggesider. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterWilliam Faulkner
OversetterOle Pramli
Utgitt1992