
Vangsgutane
Bind 1. Årgangene 1940, 1941 og 1942
Heltane i serien om Vangsgutane er Steinar og Kåre på 12 og 10 år. Dei høyrer heime i Todalen på Nordmøre og der møter ein alle hovudpersonane i serien. Steinar og Kåre syner stor arbeidshug, er pliktoppfyllande og har god moral. Larris står i sterk kontrast til desse engleborna og er ofte frampå med rampestrekane sine. Men han blir hardt straffa både i heimen og i bygda. Vangsgutane har vore ein teikneserie og eit omgrep sidan serien starta i Nynorsk Vekeblad hausten 1940. Denne boka er første bind i ein serie som skal innhalde teikneseriane frå dei 16 julehefta med Vangsgutane som Jens R. Nilssen teikna frå 1941 til 1957.
Forfatter | Leif Halse |
---|---|
Illustratør | Jens Rickard Nilssen |
Utgitt | 2013 |
Inngår i serie | Vangsgutane (1) |