Minnebok

Romaner

Minnebok

ISBN 82-10-03965-2 Alida er ei storaugd jente som prøver å skjøne korleis livet og verda heng isaman. Men verda er full av løyndomar, og tankane til Alida gir henne aldri ro. Holet i veggen, fiskane under isen, dama i skapet: alt er i forvandling for Alida, og alt leiar vidare til spørsmål som ingen kan svare på. Minnebok handlar om eit år i Alidas liv då det skjer store endringar i familien hennar, og ikkje minst, i Alida sitt syn på seg sjølv. Dette er Marit Ihle sin debutbok, eit jenteportrett av ei uregjerleg jente som ikkje vil bli temma.
ForfatterMarit Ihle
Utgitt1995