Eventyr, tårer og latter

Biografier

Eventyr, tårer og latter

historia om Arthur Arntzen

Når Arthur "Oluf" Arntzen fyller 70 år, har dei om lag 20 bøkene hans for lengst nådd eit samla salstal på godt over ein million. Det norske folk elskar bøkene om Oluf, Emma og dei andre fiktive personane i Rallkattlia. Kjell Snerte, som har vore redaktør for fleire av desse bøkene, har i samarbeid med Arntzen laga ei personleg minnebok om den folkelege komikaren og samfunnsrefsaren. Han fortel om barndom og oppvekst i fattigdom, med dårleg og tilfeldig skolegang. Dernest møter vi etter tur idrettsmannen, fotballspelaren, ungdomslagsaktivisten, familiemannen, forfattaren, skodespelaren, fråhaldsmannen og den treffsikre humoristen frå Tromsø, som vart "humorprofessor" ved verdas nordlegaste universitet. Boka inneheld nyskrivne tekster og intervjuinnslag.
ForfattereKjell SnerteArthur Arntzen
Utgitt2007