
Coolman og Kai
ein teikneserieroman
Kai har sin heilt eigen Skybert, nemleg Coolman, som aldri lar han vere i fred, og som steller i stand den eine katastrofen etter den andre. Kai kjem opp i dei vanskelegaste og mest utrulege situasjonar på grunn av ei irriterande og uregjerleg storesøster, som alltid går kledd i svart og høyrer musikk på full styrke, og usynlege Coolman som alltid kjem med dårlege råd og sett Kai i knipe. Livet med Coolman er aldri kjedeleg, og heller aldri lett. Fortelling for mellomtrinnet.
| Forfatter | Rüdiger Bertram |
|---|---|
| Illustratør | Heribert Schulmeyer |
| Utgitt | 2014 |