
Norsk utanrikspolitikk etter 1814
Boka gir ein kortfatta introduksjon til norsk utanrikspolitikk si historie frå 1814 og fram til i dag. Det er lagt særleg vekt på korleis den utanrikspolitiske tenkjemåten har utvikla seg og kome til uttrykk i løpet av desse 200 åra. Forfattar Roald Berg hevdar mellom anna at det har vore meir kontinuitet enn brot i relasjonane til framande statar i denne perioden, og at folkeretten alltid har vore Noregs viktigaste forsvarsverk. Roald Berg er professor i moderne historie og nyare historie ved Universitetet i Stavanger og spesialist på forsvars- og utanrikspolitisk historie. Omtalen er utarbeida av Biblioteksentralen.
| Forfatter | Roald Berg |
|---|---|
| Utgitt | 2016 |
| Inngår i serie | Utsyn & innsikt |