
Horoskop: fengsel? horoskop: kjærleik
Mansur Rajih vart dømt til døden i Jemen i 1983 etter at det vart fabrikert ein titale mot han for mord. Han sat fengsla i femten år, sju år med fotlenker. Folk i Jemen elskar dikta han skriv, og venner smugla dei ut av fengslet, og sørga for at dei vart trykte i aviser over heile den arabiske verda. "Eg skriv kvar dag. Eg skriv mot terror, mot all urett. Og når eg skriv, er det som eg greier å sleppe ut av fengslet ein augneblink." Eit langvarig internasjonalt press førte til at Rajih blei sett fri. Dikta i denne samlinga er fra fangetida, og er gjendikta av Tor Obrestad. Her er mange vakre kjærleiksdikt, som kan forklara korleis det er mogleg for eit menneske å kjempa mot slike overgrep.
Forfatter | Mansur Rajih |
---|---|
Oversetter | Tor Obrestad |
Utgitt | 2000 |