Fallande snø

Fallande snø

den norske klimautfordringa

Er du glad i snø og vinter. Er du uroleg for at den norske vinteren er i ferd med å forsvinne? Tidlegare skiløpar Gudmund Skjeldal har eit spesielt forhold til snø. I boka skriv han om barndomsvintrar, om snøen i kunst og kultur og om kva vi kan miste om vi berre står att med tre årstider. Han skriv om klimaangst og om dårleg samvit på flyturar. I den andre delen av boka handlar det om kva norske styresmakter har sagt og lova. Skjeldal er idéhistorikar og prosjektleiar for klimainitiativet Hvit Vinter.
ForfatterGudmund Skjeldal
Utgitt2007