Litteratur for barn og unge 1999

Litteratur for barn og unge 1999

årboka

Årboka er eit forum for forsking og formidling. I den første årgangen, som kom i 1998, blei hovudvekta lagt på nyare forsking. Denne gongen er det blitt lagt meir vekt på formidling. Innhaldet spenner frå historiske nedslag i litteraturformidlinga til Harald Rosenløw Eegs tankar som ung forfattar i dagens mediesamfunn. Biletboka, teikneserien og fantasy-litteraturen er andre område denne utgåva set fokus på - område som ikkje er så mykje omtalte i tradisjonell litteraturformidling. Her er og nyskrivne essay av forfattarar som Gro Dahle, Rønnaug Kleiva og svenske Ulf Stark i tillegg til faste postar som oversyn over viktige instansar og institusjonar i norsk og nordisk barnelitteraturforsking, oversyn over viktige arrangement, bibliografiar, nyttige Internett-adresser, prisar og premieringar. Ei nyttig bok handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar ogkulturarbeidarar.