
Jakta på elgjaktkulturen
Dette er ei bok om den moderne elgjaktkulturen. Mange trur dette er ein jaktkultur med lange historiske røtter. Men den omfattande elgjaktaktiviteten som pregar mange bygder nokre hektiske haustveker kvart år er av ny dato og er skapt av den voldsomme veksten i elgbestanden i dei seinare åra. Denne boka skildrar ulike sider ved det sosiale livet rundt elgjakta og tek opp meir generelle spørsmål knytt til jakta sin plass i det moderne samfunnet. Det er skreve mykje om elg og jakt i Norge, men dette er den første boka som ser elgjakt i eit samfunnsvitenskapleg perspektiv. Forfattarane presenterer nye og spennande skildringar av elgjakta som både vil interessere erfarne jegerar og folk som aldri har vore på jakt. Boka vilvere særleg nyttig for dei som arbeider med viltforvaltning og for studentarinnanfor fagområda natur, miljø og friluftsliv. Illustrert med fotografi i svart/kvitt. Med litteraturlister. Bidrag både på nynorsk og bokmål.
| Redaktører | Olaf AagedalÅnund Brottveit |
|---|---|
| Utgitt | 1999 |