Den demografiske overgangen

Den demografiske overgangen

Skiftet frå høge fødsels- og dødsratar i førmoderne tid til låge fødsels- og dødsratar i moderne tid står sentralt i framveksten av det moderne samfunnet. I denne boka gir Ståle Dyrvik oss ei innføring i utviklinga av teorien om den demografiske overgangen. Forskarane har trekt fram ulike forklaringsfaktorar som kosthald og medisinsk utvikling, giftarmålsmønster, fødselsregulering, mentalitet og kultur. Men korleis er samspelet mellom desse faktorane, og kva utviklingstrekk er styrande i denne prosessen? Boka er skriven for studentar i historie og sosiologi, men er også relevant for andre fag der emnet inngår.
ForfatterStåle Dyrvik
Utgitt2004
Inngår i serieUtsyn & innsikt