Ellinor

Historiske fortellinger • Romaner

Ellinor

Ellinor er hovudperson i denne boka med handling frå 1945. Storesyster Ruth er fortellaren, og ho har støtt i oppgåva å passe på Ellinor. Men Ellinor kan ingen passe, ho er glupsk på livet, kjærleiken og opplevingane. Slik hendingane blir fortalt av den engstelege og fornuftige Ruth, trur lesaren at Ellinor er langt ute på skråplanet. Etterkvart får ein meir og meir sympati for den varme, søkande ungjenta, og ein likar mindre den alltid sladrande og prektige storesystra. Miljø og personar er særs godt teikna, lesaren blir riven med og kjenner sinne og irritasjon mot dei som heile tidaprøver å tøyle Ellinor. Pubertet og gryande seksualitet hos jenter blir nærtog varmt skildra. Fortellarvinkelen er spanande, og språket er levande og variert.
ForfatterErna Osland
Utgitt1992