Matti og den store stjernepassaren

Matti og den store stjernepassaren

Matti bur saman med farmora og mora. Mora reiser rundt på restaurantar og spelar, og Matti er redd at ho skal bli borte slik som faren. Farmora trøystar han og seier at det vil ikkje skje, men Matti er redd likevel. Han får ikkje sove og går ut av leiligheta og opp på loftet for å sjå på stjernene. Der treffer han stjernepassaren, ein uteliggar som har vore sjømann. Det skjer ganske mykje i denne vetle boka, Matti, farmora og mora får tre nye gode vener da det syner seg at det er ei lita jente som og er redd. Ho kan ikkje norsk, men farmor kan språket hennar. Dette er ei lita forteljing om redsle og venskap. Språket er lett og ledig, og boka høver difor godt til høgtlesing. Hilde Kramer har gjeve forteljinga svart/kvite illustrasjonar som høver særs godt til teksten. ISBN 8252146139 Visste du at noen stjerner er så langt borte at lyset frå dei bruker ti, ja kanskje hundre eller tusen år for å nå fram til oss? Matti visste ikkje det.Ikkje før han trefte ein stjernepassar, ein kaptein som hadde segla på alle hav og under alle stjerner. Han fortalte Matti alt, eller nesten alt. For noe får ein aldri vite heilt sikkert, ein må bare tenke på det og lengte etter å forstå det. Boka er illustrert av Hilde Kramer. Har vore opplesen i "Barnetimen for de minste" i NRK. Nyn. tekst. 97 s.
ForfatterErna Osland
IllustratørHilde Kramer
Utgitt1995