
Natt i nytt hus
nye dikt for deg og andre barn
For ti år sidan kom boka "Dikt for deg og andre barn". Dette er ei oppfølging - "Natt i nytt hus" har undertitelen "Nye dikt for deg og andre barn". Nokre av dei "gamle" forfattarane er med her og, men om lag halvparten er "nye", og nokre har ikkje skrive dikt for barn tidlegare. I denne samlinga finn ein dikt av mange slag, med og utan rim, tøysedikt og alvorlege dikt. Litt av kvart og for einkvar smak. Inger Lise Belsvik har laga svart-kvite illustrasjonar til samlinga. Dei er - som dikta - varierte,nokre store som fyller heile sida, nokre små, mest som ein vignett. ISBN 8252146147 Den første boka med "Dikt for deg..." kom ut for ti år sidan. I år har 25 norske diktarar, frå Arnljot Eggen til Ann Kavli, laga ei ny diktbok. Her er både rim og regler og modernistiske tekstar, og her vil kvar lesar finne sine dikt. Inger Belsvik har illustrert boka. Format 15,5 x 20,5 cm. 105 s.
Illustratør | Inger Lise Belsvik |
---|---|
Utgitt | 1995 |