Forteljinga om jakta på forteljinga
Kvar kveld les Henrik ei forteljing for onkel Brikt i badekaret. Ein kveld finn Henrik ei merkeleg bok; ho har berre ein tittel: "Forteljinga om jakta på forteljinga", ho har ikkje noko forfattarnamn. På veg til biblioteket forå finne ei ny bok, hender noko rart, han finn ei mystisk, grøn lue og no skjer det spennande ting. Henrik blir hovudpersonen i "Forteljinga om jakta på forteljinga", og i si jakt på forteljinga treffer han kjente forfattarar og personar frå verdslitteraturen. Boka er spennande i form og oppbygging, og tekst og bilete er særs godt samstemt. Forfattaren sin intensjon er å få lesaren til å forstå at utan forteljinga og det frie ord, blir livet grått og trist. Illustrasjonane er fargerike og dominerer oppslaga, dei er av høg kvalitet og utfordrar fantasien samtidig som dei på ein særs treffsikker måte gjengir kjente forfattarar. Bakerst i boka finn ein ein oversikt og omtale av dei forfattarane og personane som er omtala i forteljinga. ISBN 8252145388 Det handlar om Henrik, 9 år som skal lese høgt for onkel Brikt i badekaret. Da det visar seg at boka er heilt blank, blir Henrik sendt til biblioteket. På vegen dit finn han ei mystisk grøn lue. Dermed skjer noko utruleg og for-ferdeleg og spennande på ein gong. Boka inneheld register over forfattarar som blir nemd i boka. Illustrert av Lars Elling. Kol.ill. Kvartformat: 28x21.5 cm.
| Forfatter | Bjørn Sortland |
|---|---|
| Illustratør | Lars Elling |
| Utgitt | 1995 |