
Oldemor gifter seg
ei heilt vill bryllaupsbok
Dette er den fjerde boka i serien om den sprelske oldemora til Eide Flipp. Ho er ein stad mellom 80 og 110 år og no har ho bestemt seg for å gifte seg med den lille skurken som prøvde å rane ho i førre boka. Førebuingane til bryllaupet og sjølve feiringa blir ganske spesielle - etter amerikansk mønster, og lesaren får etter kvart kjensle av at forfattaren mister heilt kontrollen over oldemora. Han skulle i allefall ha tala eit alvorsord med hoda ho etter bryllaupet ønskjer seg eit barn! Humoren i bøkene om oldemor er spesiell - nesten bisarr. Forfattaren gir hint og små spark til både den eine og den andre, men det treffer nok best ein moden lesar. Språket er kjapt og i ei moderne nynorsk språkdrakt.
| Forfatter | Ingvar Moe |
|---|---|
| Utgitt | 1993 |