
Det andre mennesket
eit portrett av Åsmund Sveen
Åsmund Sveen (1910-1963) blei rekna som ein av dei framste lyrikarane i sin generasjon. Han skreiv ofte dikt med dobbelt klangbunn, med naturen som bakgrunn for sine kjensler og sin trong til kjærleik. Men etter at han gjekk inn i NS under krigen og aktivt støtta Quisling, blei han tagd i hel i det litterære miljøet. Sveen kom frå ein nasjonalistisk, bygdenorsk tradisjon der romantiske fantasiar og religiøst farga naturopplevingar var viktige ingrediensar, noko som passa inn i programmet til nazistane. Han spelte ei rolle under krigen, både som nasjonalsosialistisk lyrikar og som kulturpolitikar. Etter krigen kjempa han hardt for å bli reinvaska, men det blei ikkje utgjeve noko ny bok av diktaren før etter at han døde. Førehandsomtale. Ib., 2003.
| Forfatter | Jan Olav Gatland |
|---|---|
| Utgitt | 2003 |