Sorg
ei lita bok om å være lei seg
Sorgen ved å miste nokon opplever vi alle fleire gonger i løpet av livet. I snitt døyr 112 menneske kvar dag i Noreg - gamle, unge, av sjukdom, ulykker eller av eigen vilje. Sjølv om dette er noko alle støter på, er det vanskeleg å snakke om. Det er vanskeleg å seie at en er lei seg, og vanskeleg å vite kva ein skal seie til dei som er lei seg. Denne boka handlar om nettopp dette. Om kva som skjer i hovudet og i kroppen, korleis det kan oppleves når alle andre går vidare og du sjølv berre er ein klump med vondt. Forfattaren skriv også om møter med helsevesen og gravferdsbyrå. Omtalen er utarbeida av Biblioteksentralen.
Forfatter | Kristian Fjellanger |
---|---|
Utgitt | 2016 |